Melda frå om bekymring

Barnevernet skal hjelpa dei borna som har ein spesielt krevjande og utfordrande livssituasjon. For at barnevernet skal kunna gje hjelp til dei borna som treng det, må alle ta ansvar og melda frå om uro for born.

Du kan nytta vedlagt skjema for å skrive ei bekymringsmelding.

Barneverntenesta oppmodar til at du tek kontakt for å melde frå om din bekymring. Du kan få rettleiing om korleis du kan gå fram når du vil melda frå skriftleg (offentleg tilsett) eller du kan skildra bekymringa per telefon (privatperson).

Melding til barnevernstenesta kan formidlast skriftleg eller munnleg. Melding kan gjevast av familien, barnet sjølv eller andre privatpersonar. Offentleg tilsette har plikt til, og utan hinder av teieplikt, å gje opplysingar til barnevernet når det er grunn til å tru at barn lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Offentleg tilsette skal levera ei skriftleg melding og om råd (unnatak ved vald og overgrep) informera føresette om meldinga til barnevernet.

Ei melding til barnevernstenesta vert gjennomgått innan éi veke. Det skal konkluderast anten med at meldinga vert lagt bort eller at stoda rundt barnet skal undersøkjast nærare.

Slik kan du melda frå om din bekymring

Ta kontakt med barneverntenesta per telefon, skriv eit brev eller fyll ut skjemaet lenger ned på denne sida.

Følgjande informasjon treng barneverntenesta:

  • Kva er meldar uroa over?
  • Kva konkret har meldaren observert? Kva tid?
  • Har barnet fortalt noko? Kva og når?
  • Har meldaren teke opp dette med føresette eller andre?
  • Kva rolle har meldar andsynes barnet eller dei føresette?

Følgjande informasjon har du rett på når du melder frå om bekymring:

  • Ved formidling av bekymring per telefon skal du få lese opp kva som har vorte notert. Dette skal godkjennast av deg som meldar.
  • Du kan få informasjon om lovgrunnlaget til barnevernet og korleis ein går fram når ein har førebekymringsmeldingar.

Skjema for bekymringsmelding

Privat meldar:

Offentleg meldar:  

Kva skjer etter at du har meldt frå?

Barneverntenesta skal ha føre bekymringsmeldingar innan ei veke.  Det vert avgjort om det skal setjast i verk ei kartleggjing av stoda rundt barnet eller om meldinga skal leggjast bort. Alle kan få tilbakemelding om at meldinga er motteken. Offentlege instansar kan få tilbakemelding.

Barneverntenesta skal gjennomføra kartleggjinga innan tre månader. Det vert avgjort om det skal setjast i verk tiltak eller om saka skal avsluttast utan tiltak.