Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Dagsturhytta Kvilekroken offisielt opna Torsdag var det endeleg klårt for offisiell opning av dagsturhytta Kvilekroken ved Krokavatnet.
Dagsturhytta er open Dagsturshytta ved Krokevatnet - Kvilekroken - er no open. Nedanfor finn du ei skildring av turen.
UngData: Ungdomen no til dags Resultata frå UngData-undersøkinga er no klare. Her kan du lesa meir om korleis born og unge i Kvam har det.
Skanna arkiv frå Vikør og Strandebarm Som Hordaland Folkeblad meldte i førre veke har Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKAH) digitalisert eldre arkiv frå både gamle Vikør herad (som v...
Bakedag på Tolo omsorg Jula nærmar seg og julekaker av mange slag er på plass i kakeboksane på Tolo omsorg
Byggeskikkpris til Breidablik Kvam herad sin byggeskikkpris for 2020 vart tildelt Breidablik hyttetun i heradsstyremøtet tysdag ettermiddag.
Kvam herad inngår nytt personvernsamarbeid Heradet har inngått ei avtale om personvernombod med Bergen kommune.
Ålvik-elevar på 3. plass i stor Minecraft-konkurranse Lin Education og Microsoft har arrangert ei nasjonal elevutfordring i Minecraft: Education Edition, med følgjande utfordring: bygg ei meir berekraftig...
Helsing frå ordføraren i samband med Frigjeringsdagen I samband med frigjeringsdagen helser ordførar Torgeir Næss til alle kvemmingar, og særleg til dei som er att av veteranane.