Dagsturhytteprosjektet starta som ein litt vill idé i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, tilbake i 2016. Utgangspunktet har vore eit ynskje om å få fleire i fysisk aktivitet. No er det kome på plass ei lang rekkje slike hytter i heile Vestland fylke, og prosjektet har også spreidd seg vidare, mellom anna til Rogaland.
Attende i juni varsla Kvam turlag på Facebook at dagsturhytta i Kvam, Kvilekroken, var "offisielt uoffisielt opna", turskildringa er lagt ut på ut.no, og hytta er allereie mykje vitja. Det er sidan også lagt opp til utlån av kano og sit-on-top-kajakkar ved hytta, i regi av Kvam turlag.
Torsdag var det klårt for offisiell opning av hytta. Jon Nedkvitne, som har vore Kvam herad sin prosjektansvarlege, ynskte velkomen og orienterte om både dagsturhytta og om prosjektet. I tillegg tala både Pål Fidjestøl frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og fylkestingsrepresentant Alexander Fosse Andersen.

Ordførar Torgeir Næss stod for snorklippinga. Han retta ein takk til dei som har gjort det heile økonomisk mogleg: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, BKK og Vestland fylkeskommune.
– Det er lett for ein ordførar å briska seg på ein dag som dette, og å skryta over naturkvalitetane me har her i Kvam, og å seia at denne dagsturhytta må ha dei vakraste omgjevnadene av alle dagsturhytter. Eg trur ikkje eg skal gjera det, sjølv om det sikkert er ganske nær sanninga. Det som i alle tilfelle er sikkert er at dagsturhyttene i Vestland, alle som ei, ligg heilt ualminneleg flott til, i ein av dei vakraste regionane i heile Europa.
Næss framheva at naturen både gjev oss tiltrengt trening og høve til å finna fred i sjela. – Dagsturhyttene er rett og slett gode for folkehelse, på alle plan, la han til, før han klipte snora og erklærte dagsturhytta for offisielt opna.
Gjestane fekk også med seg nydeleg musikk framført av Bahram Øvrehus, Sevi Asgarova Øvrehus og Anne Cathrine Eiken, som spela den tonesette utgåva av Aasmund Olavsson Vinje sitt velkjende dikt: "No ser eg atter slike fjell og dalar". Og det var vel gjerne slik at ein då kunne verta både tankefull og fjåg.