Kvam herad inngår nytt personvernsamarbeid

 Heradet har inngått ei avtale om personvernombod med Bergen kommune. 

Kvam herad har sidan mars 2019 hatt eit eige personvernombod, saman med Eidfjord og Ulvik. Å ha eit slikt ombod vart eit krav i den nye personopplysningslova, i samband med EU-lovverket kjend som GDPR. 

– Den løysinga har fungert godt, og me er godt nøgde med det arbeidet som så langt er gjort, seier rådmann Anita Hesthamar. – No vel me likevel å kjøpa tenesta frå Bergen. Det vert gjort for å frigjera ressursar til HMS-arbeid, og for å sikra at personvernombodet er uavhengig og ein del av eit større fagmiljø.

Avtala mellom Kvam og Bergen var gjort i slutten av august, og er allereie gjeldande.

Litt om personvernombodet

Personvernombodet si oppgåve er å auka kunnskapen om personvern i kommunen, og å på ein uavhengig måte vurdera om reglane i personopplysningslova vert overhalde. Ombodet skal også ha oversikt over behandlinga av personopplysningar, sjå til at det finst system for internkontroll, påpeika lovbrot og vera kontaktperson for Datatilsynet.

Også innbyggjarar og andre kan ta kontakt med personvernombodet, til dømes dersom dei har spørsmål om kommunen sin bruk av personopplysningar eller kommunen sitt personvernarbeid. 

Du kan kontakta personvernombodet på epost: personvernombod@kvam.kommune.no eller telefon 55 56 96 96 (telefontid 10 - 14).