Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Ålvik-elevar på 3. plass i stor Minecraft-konkurranse

Lin Education og Microsoft har arrangert ei nasjonal elevutfordring i Minecraft: Education Edition, med følgjande utfordring: bygg ei meir berekraftig, framtidsretta og miljøvenleg utgåve av skulen ein går på.  

Gruppa Krossfuru ved Ålvik skule fekk tredjeplass i denne konkurransen, blant 120 deltakande grupper. Kvam herad gratulerer.

Vinnarane av konkurransen var gruppe 6C på Øren skole i Drammen kommune, medan gruppa Galileo på Kjeller skole fekk andreplass.

På videoen nedanfor kan du sjå livesendinga av offentleggjeringa av topplassane. Ein kan sjå meir frå Krossfuru sitt bidrag frå 14:25 i videoen
 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.