Kakepremie til Mikkjelsflaten-tilsette

Arbeid med aktivitetar gav premie 

  

Ei gruppe tilsette på Mikkjelsflaten omsorgsbustader i Øystese har delteke i eit læringsnettverk i regi av UHST (Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetenester) i Vestland. Grupper frå fleire kommunar har vore med i nettverket, som har pågått frå september i år til tidlegare i mai. 

Utgangspunktet har vore på kvalitetsreforma for eldre, Leve heile livet, og gruppa frå Mikkjelsflaten har hatt fokus på aktivitetar og fellesskap for bebuarane, med følgjande tre hypoteser som utgangspunkt:

  • Det finst mykje me ikkje veit at bebuarane vil vera med på
  • Me skal ikkje tru me veit kva bebuaren likar
  • Me trur fleire ynskjer delta på aktivitetar, som er tilpassa dei.

Slik har det vorte sparka i gang eit vidare arbeid med å gje eit betre aktivitetstilbod. 

Som avslutting av læringsnettverket skulle kvar gruppe levera inn ein poster – eller plakat, om du vil. Den skulle seia noko om både prosessen dei hadde vore gjennom, og om vegen vidare. Gruppa frå Kvam var så heldige å vinna posterprisen, og fekk både kake og blom i premie; noko som vart feira med ei markering på Mikkjelsflaten idag, fredag 28. mai. 

Kvam herad gratulerer.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.