Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Byggeskikkpris til Breidablik

Kvam herad sin byggeskikkpris for 2020 vart tildelt Breidablik hyttetun i heradsstyremøtet tysdag ettermiddag.

  

Kvam herad sin byggeskikkpris er ein heiderspris for bygningar og uteanlegg i kommunen. Ved utdeling av prisen vert det lagt vekt på korleis utforming og innpassing speglar respekt for landskapsverdiar; på miljøfokus; og på bruk av stadlege byggetradisjonar enkeltvis, i gruppe eller i tilpassing til eksisterande byggmasse. Kandidatar til prisen må emna å framstå som førebilete for framtida.

Ein av prisvinnarane, Bjarne Huse. Saman med kona Anne Marit bygde han opp det opprinnelege Breidablik-tunet.Byggeskikkprisen 2020 vert tildelt byggjarane Bjarne og Anne Marie Huse, arkitekt Eilif Bjørge og oppdragsgjevar Bergen og Hordaland Turlag for oppføringa av Breidablik hyttetun.

Prosjektet syner ei djup forståing for landskapet. Samspelet mellom uttrykk, utføring og materialbruk bidreg til å utvikla den allmenne byggeskikken, og til å gjera Kvam til ein god kommune å bu og verka i.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.