Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Trafikksikkert herad: Fart og fartsgrenser Kvifor er fart så viktig for trafikktryggleiken? Kort sagt handlar det om fysiske lovar: Jo høgare fart, desto lengre bremselengd, kraftigare kollisjo...
Kunngjering: rekvisisjon av øvingslende Til grunneigarar i Aurland, Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Lærdal, Ullensvang,Ulvik, Vik og Voss
Kommunale faktura No er løysinga der innbyggjarane kan logga seg på og sjå alle faktura frå kommunen på plass.
Tilskot til festivalar 2024 Arrangørar av festivalar i Kvam kan søkja tilskot til gjennomføring av festivalar og ulike festivaltiltak i 2024.
Menn i helse - kull 2024 Menn i helse er ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar. Utdanninga er tilrettelagt for arbeidssøkjande menn i alderen 25 – 55+
Treng du barnehageplass 2024/2025? Barn fødde før 01.12.23 har lovfesta rett på plass frå august, eller den månaden dei fyller 1 år, når ein søkjer innan fristen.
Hardangerrådet iks søkjer dagleg leiar Hardangerrådet iks er interkommunalt samarbeidsorgan og Regionråd for dei 4 kommunane/herada Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik.
Ledige stillingar i Kvam herad No søker me deg som vil jobba som barnehagelærar? Brannkonstabel? Miljørettleiar? Rådgjevar innkjøp?