Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Kunngjering: rekvisisjon av øvingslende

Til grunneigarar i Aurland, Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Lærdal, Ullensvang,
Ulvik, Vik og Voss

Statsforvaltaren i Vestland logo - svart - Klikk for stort bilete

Forsvarets Operative Hovudkvarter rekvirerer lende i dei nemnde kommunane til gjennomføring av «NATO Avalanche Warning Course» i perioden 12. - 23. februar 2024.


Forsvarets Vinterskole gjennomfører øving kor det deltar inntil 40 personar. Det vil verte noko motorisert ferdsel på privat veg og i terreng, med eit mindre tal lette terrengkøyretøy/snøskuterar. Øvinga vil i hovudsak gå føre seg i form av toppturar med mindre grupper i køyreavstand frå Mjølfjell.

Forsvaret oppmodar om at grunneigarar held bommar opne/ulåste, eller merker dei tydeleg med kontaktinformasjon, slik at Forsvaret kjem til innanfor dei rekvirerte områda.

Øvingsleder og publikumskontakt er major Knut Hummelvoll, som kan
kontaktast på tlf: 951 00 095, eller via e-post: khummelvoll@mil.no.

Melding om tap eller skade som følgje av aktiviteten kan rettast til
Miljøvernoffiser HVS Rena og Terningmoen, stabssersjant Eskil V. Herfindal, tlf: 950 37 524, eller e-post: eherfindal@mil.no

Heimel for rekvisisjon av øvingslende er gitt i lov om militære rekvisisjoner
(rekvisisjonsloven) med tilhøyrande forskrifter, og lov om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven, §4). Erstatning for tap og skade forårsaka av øvinga vert ytt i samsvar med føresegnene i rekvisisjonslova av
29. juni 1951.

Vi viser til rekvisisjonslova § 8, 7. ledd, der det står at «Myndigheter i stat og kommune, særskilt oppnevnte organer, sammenslutninger, selskaper og enkeltpersoner plikter etter anmodning på enhver måte å bistå ved forberedelse og oppfyllelse av militære rekvisisjoner». Som det går fram av § 20 i same lov, er det straffbart å setje seg i mot, eller prøve å hindre
gjennomføring av militære rekvisisjonar.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.