Kommunale fakturaNo er løysinga der innbyggjarane kan logga seg på og sjå alle faktura frå kommunen på plass. Visma ________ Ein loggar seg på via Min kommune på kvam.no. Følg denne lenka til framsida på kvam.no. Min kommune finn du oppe til høgre med hengelåssymbolet. Oversikt over dine faktura Når du er innlogga får du oversikt over dine faktura frå kommunen. Løysinga gjer deg oversikt over alle faktura som er sendt deg frå Kvam herad frå 2020. Oversikta viser kva faktura som er betalt, og kva som er ubetalt. Du kan og laste ned kopi av faktura. Visma Utsetje betaling Det er mogleg å søkje om 30 dagar betalingsutsetjing. Men det er sett begrensning på antal utsetjingar i løpet av ein 6-månaders periode, antal ubetalte fakturaer og uteståande beløp pr. kunde. Om faktura er motteken som avtalegiro eller e-faktura må du, i tillegg til å søkje om betalingsutsetjing, og endre forfallsdato i eigen bank. Betalingsutsetjing må søkjast om før forfall. Om krava ikkje er oppfylt, vil du ikkje få opp knapp for å søkje om utsetjing. Kontroller dine opplysingar Under «profil» øvst til høgre, kan du kontrollere om opplysingane me har registrert om deg stemmer. Du kan her endre e-postadresse og telefonnummer. _________________ Nyttige lenker: Lenke til film om løysinga Visma Enterprise Innbyggerinnsyn (youtube.com) Rettleiar PDF på Innbyggarinnsyn frå Visma (PDF, 1018 kB) Publisert av Connie Langeland Sist endra 05.02.2024 08:25