Læreplass Kvam heradMe har ledige læreplassar frå hausten 2024. Sjydnahaugen barnehage __________ Kvam herad er godkjent læreverksemd innan fleire ulike fag. Me samarbeider med Handalag opplæringskontor om lærlingeordninga. Me har ledige læreplassar i: barne- og ungdomsarbeidarfag og helsearbeidarfaget frå hausten 2024. Finn utlysingane i si heilheit her Kven kan søkje? Du som har interesse og motivasjon for fagfeltet du søkjer, og har eigenskapar som gjer deg eigna vil me gjerne høyra frå. Du må ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Elles leitar me gjerne etter deg som er: Motivert for å bli lærling Serviceinnstilt og engasjert Fleksibel og løysingsorientert Raus og inkluderande Møter andre på ein respektfull og open måte Korleis vert læretida gjennomført? Det vert rekruttert nye lærlingar årleg - i hovudsak med 2-årig læretid, som TAF-lærling eller gjennom eit individuelt tilpassa opplæringsløp. Me legg til rette for fast tilsette som ønskjer å kvalifisera seg. Det er krav om 5 års praksis i 100 % stilling for å kunne gå opp til fagprøve. I tillegg må du ta teorieksamen. ______________ Generelle spørsmål om lærlingeordninga i helsearbeidarfaget kan rettast til: Hege Grane Hisdal tlf. 911 48 954 ved Handalag Opplæringskontor. Generelle spørsmål om lærlingeordninga i barne- og ungdomsarbeidarfag kan rettast til: Tone Søgaard tlf. 915 53 338 ved Handalag Opplæringskontor. Publisert av Connie Langeland Sist endra 10.03.2025 08:42