Tilskot til festivalar 2024Arrangørar av festivalar i Kvam kan søkja tilskot til gjennomføring av festivalar og ulike festivaltiltak i 2024. Pixabay / Free-Photos Søknadsfrist er 11.2.24. Kvam heradsstyre har løyvt kr 500 000 som ei ekstraløyving til festivalar i 2024. Dette kjem i tillegg til faste tilskot til festivalar i budsjettet for 2024. Kven kan søkja: Arrangørar av festivalar i Kvam Søkjar må vera registrert i Einingsregisteret og vera heimehøyrande i Kvam Festivalen må ha fleire arrangement i festivalperioden og vera tilgjengeleg for eit breidt publikum Tildelingskriterier: Festivalen må føregå i Kvam i 2024 Søknaden må vera forankra i styret Det kan søkjast om festivaltilskot eller spesifike tiltak Søknadsskjema finn du her, og søknaden må innehalda: Omtale av festivalen og kva søknaden gjeld Utfyllande budsjett med kostnads- og finansieringsplan Tiltak for inkludering, kulturelt mangfald, grøn profil og lokal forankring vert prioritert Kort rapport/oppsummering frå festivalen i 2023 ( for dei som gjennomførte i 2023) Meir informasjon: Jon Nedkvitne Tlf. 979 53 274 Mary Ann Sørheim Tlf. 954 07 710 Søknadsfrist: 11.2.24. Publisert av Mary Ann Sørheim Sist endra 08.02.2024 13:17