Hardangerrådet iks søkjer dagleg leiarHardangerrådet iks er interkommunalt samarbeidsorgan og Regionråd for dei 4 kommunane/herada Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik. Flyfoto frå Norheimsund mot Herand Ove Matti Thiesen Hardangerrådet iks si hovudoppgåve er å styrkja regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid. Om spennande aktivitet og prosjekt og informasjon om Hardangerrådet iks sjå nettsida vår Hardanger.com Hardangerrådet iks arbeider innanfor 3 hovudområde: Politisk samordning og påverknad Kommunalt tenestesamarbeid Næringsutvikling Dagleg leiar er ansvarleg for dagleg drift og utviklingsarbeidet i Hardangerrådet iks og rapporterer til styret og til Representantskapet/Regionrådet. Hardangerrådet iks søkjer etter dagleg leiar med høgare utdanning, som vil sjå Hardangerregionen som sin arena. Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring i leiing og i prosjektadministrasjon og kunnskap om statlege, fylkeskommunale og kommunale funksjonar og prosessar. Me søkjer ein effektiv og ryddig leiar med evne til å fanga aktuelle saker for regionen og som har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. I rolla som dagleg leiar i Hardangerrådet iks er det naudsynt å ha fokus på fellesutfordringar som utvikling, samhandling og vekst. Gode kommunikasjonsevner og eit breitt nettverk innan offentleg forvaltning og privat næringsliv er ønskjeleg. Hardangerrådet deltek og i internasjonal aktivitet. Det vert utarbeidd arbeidsavtale i samsvar med hovudavtalen for offentleg sektor. Løn etter avtale i offentleg regulativ. Pliktig medlemskap i gjeldande pensjonsordning. Kontorstad: Kinsarvik. Søknad med aktuell dokumentasjon skal leggjast inn på nettsida her. Søknadsfrist er 25. januar 2024 Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Solfrid Horne-Moe tlf. 917 39 876 Publisert av Connie Langeland Sist endra 04.01.2024 10:19