Du skal likevel kunna følgja møtet på kommune-TV, der det også vert lagt ut opptak i etterkant.
På dette årets siste heradsstyremøte skal dei folkevalde i Kvam mellom anna diskutera kommunebudsjettet i Kvam. Du kan lesa meir om rådmannen sitt framlegg, formannskapet sine endringar og ungdomsrådet sine innspel i eigne artiklar.
Av andre saker på sakslista er uttale til førehandsopplegget for bompengefinansiering av E16 Arna - Stanghelle, endeleg vedtak av planprogrammet for oppvekstplan, utgreiing av kommunalt fastlegekontor og eigarstrategiar. Det har også kome ti ei sak om utgreiing av kommunale måtildsttilbod, der rådmannen rår til å gjennomføra eit nytt ordinært offentleg anbod på middagslevering no, avslutta det oppstarta prosjektet med produksjonskjøken og i staden løyva pengar til å få gjort ei ekstern utgreiing av løysingar og økonomiske rammer for matproduksjon i eigen regi, samt å sjå på interessa for eit privat-offentleg samarbeid.
Bakgrunnen er at rammene for det tidlegare vedtekne oppstartsprosjektet for eit produksjonskjøken ikkje held.
Alle sakspapira til møtet finn du i Kvam herad sin innsynsportal.