Formannsskapet si budsjettilråding
Formannskapet i Kvam herad har i dag, onsdag, hatt møte, og har vedteke si tilråding til budsjett.
Tilrådinga er som rådmannen sitt budsjettutkast, med følgande endringar:
- Avsetning frå Havbruksfondet til Kvam fiskefond: 200.000 kr. Dette er ein overføring frå Havbruksfondet til Kvam fiskefond i 2022.
- Utomhusplan for området Norheimsund skule, rådhus og KFL. Kvam heradsstyre ber rådmannen starte opp arbeidet med ein utomhusplan for området rundt Norheimsund skule og rådhuset. Dette for å sikre at området blir utnytta på best mogeleg måte for dei ulike brukarane.
Viktige moment er ei heilskapeleg detaljplanlegging av uteområde/leikeområde for skulen og trafikkavikling med tilstrekkelig parkering rundt rådhus og KFL. Planen skal og sikre trygg ferdsel for gåande mellom skule og Haugamyr. Dersom det er nødvendig med ein detaljreguleringsplan eller mindre reguleringsendringar inngår dette i prosjektet.
For å finansiere dette i 2022 løyver me 500 000.- frå kraftfond.
- Prosjekt sansehage Toloheimen. Totalt kostnadsoverslag er 1,56 mill eks. mva. Heradet sin andel er sett til 980.000 eks. mva i prosjektet. Resten er innsamla midler og diverse stønadsordninger. Heradet er prosjekteigar for å få refundert mva.
- Fjerne samordning av barnetrygd og sosialstønad. 750.000 kr.
- Auke med nye stillinger i barnehage for å møte vikarbehov ved fråvær. 2.0 mill (-1 mill i innsparing)
- Hardangerrådet. Tilbakeføre kutt frå 2021. 300.000 kr.
- Lyntogforum. Kontingent for 2022, 25.000 kr.
- Eigedomsskatten vert redusert frå 3,2 promille til 3 promille. 1,5 mill pr.år i effekt. Botnfrådrag på hus/hytter på 200.000 kr for 2022. Dette er eingangseffekt med bakgrunn i høge straumprisar og auka kraftinntekter for heradet. Kostnad 4.0 mill.
- Fritidskortet. Heradet kompenserer ordninga for 2022 med 1 mill. for å fullfinansiera den.
- Helse og oppvekst. 100.000 kr ekstra til utomhusklær.
- Heradsstyret er kjent med at det gjenstår eit kommunalt bidrag på ca 2,5 mill. til Hardanger og Voss Museum sitt prosjekt Tett På. Dette er ikkje teke inn i budsjettframlegget men tenkt løyst etter søknad om stønad til Kraftfondet ved neste tildeling.
- For finansiering av dei forskjellige punkta viser me til vedlagt tabell (PDF, 113 kB).
Tilrådinga var eit framlegg frå partia Ap, Høgre, KrF og Frp. Du kan sjølv sjå budsjettdiskusjonen og andre debattar i formannskapet på kommune-TV.
Sist endra 24.11.2021 16:09