Offentleg ettersyn: Utkast til planprogram for kommunedelplan for oppvekst

I formannskapsmøte 7. oktober la formannskapet samrøystes utkastet til planprogram for kommunedelplan for oppvekst ut til offentleg ettersyn fram til 19. november.

Planstrategien for Kvam herad 2020-2023 seier at det i løpet av perioden skal koma på plass ein oppvekstplan, med føremål om å samla satsinga Kvam allereie har gjort innan oppvekst.

Kommunedelplan for oppvekst var også vedteke i planstrategien for 2016-2019, men vart ikkje sett i gang i denne perioden. Når formannskapet no har sett i gang arbeidet, vert planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Planprogrammet tek føre seg føremålet med planarbeidet, bakgrunn for arbeidet, overordna føringar, tema og innsatsområde i planen, trong for utgreiingar og planprosessen med framdriftsplan, organisering og medverknad.

Du finn utkastet til planprogram via Framsikt. Utkastet vert lagt til offentleg ettersyn i seks veker i samsvar med plan- og bygningslova § 4-1 og § 11-13; det vil seia fram til 19. november.