Innspel frå ungdomsrådet

Torsdag skal heradsstyret vedta budsjett. Fyrst i desember vedtok ungdomsrådet si uttale til dette. 

Ungdomsrådet peiker på sine ynskjer på fleire område, innan skule, kommunehelse, kultur / idrett og organisasjon / politikk. Når det gjeld skule understrekar dei at dei ikkje ynsker endringar i skulestrukturen i Kvam, heller ikkje i komande økonomiplanperiode. Dei etterlyser samstundes ei satsing på skulefrukost på alle skulane, noko dei meiner vil sikra ein like god start på dagen for alle elevar, også dei som bur i familiar med vedvarande låg inntekt. 

Ungdomsrådet meiner dessutan at Kvam herad bør overta kantinedrifta på Kvam ungdomskule og Strandebarm skule. 

Eit anna ynskje frå ungdomsrådet er at det vert tilbydd gratis sanitærprodukt til jenter i kvammaskulen. Dei syner til at tilsvarande vil bli gjort i Vestland fylkeskommune, der det politiske fleirtalet har lagt inn 1 million kroner til dette i sitt framlegg til budsjett. 

Når det gjeld vidaregåande skule, understrekar Kvam ungdomsråd at det er viktig at heradet held fram med å arbeida aktivt for å oppretthalda eksisterande liner på Kvam vidaregåande skule, at heradet bør verta flinkare på å promotera Lærlinghuset, og at det vert satsa på lærlingplassar innanfor fleire fagområde i kommunen sjølv. 

Du kan lasta ned heile uttala her (PDF, 834 kB)