Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Totalforsvarsåret 2026 Det er viktig at me førebur oss på kriser, og i ytste konsekvens krig. 2026 er Totalforsvarsåret og målet er å gjera Noreg betre førebudd.
Oppstart VA-sanering på Børvenes Det er venta at arbeida på anlegget vil starta i veke 16. Arbeidet vil gå føre seg heilt fram mot jul.
Møte i Kvam heradsstyre 19. mars Torsdag kl 09.00 i Heradsstyresalen eller på Kommune-TV - for deg som vil følgja med!
Vil du halda gjestebod? Kva er kjekt med å bu Kvam? Kva er mindre stas? Og korleis vil me ha det i framtida?
Møte i Kvam formannskap Torsdag 12. mars kl 09:00 startar møtet, du kan følge det direkte via Kommune-TV.
Tegland FV 576. Stengt veg Vestland fylkeskommune er no i gang med vegprosjektet Fv. 576 Skredsikring Teigland.