Totalforsvarsåret 2026 - Nettsider for Kvam herad

Totalforsvarsåret 2026

Det er viktig at me førebur oss på kriser, og i ytste konsekvens krig. 2026 er Totalforsvarsåret og målet er å gjera Noreg betre førebudd. 

Oversiktsbilete kvam, Fjord og fjell - Klikk for stort bileteFjell og fjord - Kvam herad Torjan Haaland

Kva er Totalorsvarsåret?

Når verda er uroleg, gir det tryggleik  å vera førebudd. Det er krig i Europa, og digitale angrep og forsøk på påverking skjer oftare. Det er ingen omgåande fare for krig i Noreg, men me skal vera betre førebudd på alvorlege hendingar. Totalforsvaret er summen av landet sine sivile og militære ressursar, som jobbar saman for å førebygga og handtere kriser, væpna konfliktar og krig. 

 

Her kan du lesa om kva Kvam herad gjer, kva du kan gjere og kva næringslivet kan gjere. 

Du finn ein eigen knapp til Beredskap på framsida i knappemenyen til tenestene våre.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.