Kvam herad arbeider med kommuneplanen sin samfunnsdel, som skal setja overordna retning for utviklinga av Kvam som lokalsamfunn. Me ønsker brei medverknad i arbeidet med planen og vil gjerne invitera innbyggjarar i Kvam til å halda gjestebod.
Eit gjestebod er eit uformelt møte der ein gjestebod-vert inviterer til ein samtale om eitt eller fleire tema som er interessante for gruppa. Verten bestemmer kvar gjestebodet skal skje. Det kan vera heime hos verten, men det kan også vera på arbeidsplassen, på tur, på kafé, ved lunsjbordet eller liknande. Verten tek notat frå samtalen og sender notatet inn som innspel til Kvam herad.
Les meir om gjestebod her: Gjestebod Distriktssenteret
Under gjestebodet styrer verten og gruppa kva de ønsker å diskutera. Her er nokre framlegg til spørsmål. Nokre av spørsmåla overlappar kvarandre, så vel dei som passar best til dykk.
- Kva er det beste med å bu i Kvam?
- Kva er mindre bra med å bu i Kvam?
- Korleis vil me at det skal vera i Kvam om 5 år?
- Korleis vil me at det skal vera i Kvam om 30 år?
- Viss me skulle laga ein reklamekampanje for å få folk til å flytta til Kvam, kva ville me skrive? Kva ville me teke bilde av? Det er plass til maks tre bilde.
- Kva er ei attraktiv bygd? Kva er eit attraktivt bygdeliv?
- Kong Harald sa dette i nyttårstalen for 2025: «For selv om vi har folkevalgte som ivaretar styre og stell av landet, så er alle som bor her del av hverdagsdemokratiet vårt. Og det er verdt å forsvare – hver dag. Det gjør vi ved å delta. Ved å møte opp, og bli regnet med. Ved å bruke stemmen – ved valg og i møter; som i foreldreutvalget, borettslaget eller i vennegjengen». Korleis kan me i Kvam (eller me i gruppe) bidra til kvardagsdemokratiet?
- Einsemd, manglande nettverk og ei oppleving av å stå utanfor pregar livet til mange menneske i Noreg i dag, også i Kvam. Korleis kan me skapa og ta vare på sterke og trygge fellesskap for alle?
- Kva moglegheiter og utfordringar ser me ved digitalisering og ny teknologi?
- Kva meiner eg er bra med Kvam i den livsfasen eg er i no?
- Er det noko eg saknar i Kvam i den livsfasen eg er i no?
- Andre tema som me i gruppa meiner er viktige!
Send innspelet frå gjestebodet til Kvam herad på postmottak@kvam.kommune.no eller lever det på rådhuset.
Innspelet vert publisert på innsyn og det vil vera offentleg kven som har vore vert for gjestebodet. Dei andre deltakarane i gjestebodet er anonyme. Unngå å leggja inn informasjon i notatet som gjer at ein kan identifisera deltakarane. Desse opplysingane er relevante og noko me ønsker at verten legg inn i notatet:
- Dato for gjestebodet
- Tal deltakarar
- Aldersfordeling
- Fordeling kjønn
- Kva er felles for gruppa? (til dømes venegjeng, kollegaer, lag eller foreining, naboar, foreldregruppe)
Har du spørsmål? Kontakt Reidun Braut Kjosås på e-post reikju@kvam.kommune.no, telefon 91737515 eller Ingunn Hildonen Teigland på e-post ingtei@kvam.kommune.no, telefon 48140995