Elevar frå Ålvik skule
10. mars var det kommunekåring i Ungt entreprenørskap 2026. Kåringa fann stad på Norheimsund skule. Elevane presenterte løysinga si for alle dei andre elevgruppene som er med i kåringa, lærarane og ein jury som satt på fremste rad. Presentasjonen skulle vera på maks 3 minutt og etter at presentasjonane var ferdige, stod alle gruppene på ein "stand" med modellane sine. Dommarane gjekk så rundt og stilte spørsmål, og studerte modellane.
Grunngjeving
Fyrst takka rådmann Anita Hesthamar i juryen for veldig kjekke presentasjonar og spennande løysingar.
Her har vore tenkt og jobba godt, og med stor variasjon i løysingar. Me har alt frå dei som har plukka seg ut enkeltmuseum og funne måtar å gjera dei meir spennande å besøkja, og til løysing som kan brukast på alle museum
Me er imponert over kor flinke de er å presentera, endå me veit godt at her var ein del nervar på forhånd, og så er de gode til å forklara når me går rundt og spør all slags spørsmål etterpå. Alle har vore opptekne av å sjå på kva behova er, nokon har reflektert godt rundt ulike aldersgrupper og materialval, og alle har vore oppteken av sanseopplevingar.
Alle hadde idéar som ein kunne sendt vidare til ein fylkesfinale, men deira oppgåva var å plukka ut éin.
Det var ei løysing som juryen synest samla sett gjorde det veldig bra. Løysinga syner:
- Korleis ein kan styrka opplevinga av det som alt er i museet
- Brukt teknologi som støtte
- God å forklara det tekniske
- Ei løysing me kunne leva oss inn i
- Ei løysing som tilbyr ulike opplevingar
- Bruk av teknologi til å visa, men må prøva sjølv
- Hengekøya til å fordøya inntrykk og læra om historie
Og vinnaren er Ålvik skule – frå åretak til lysglimt!
Me ynskjer lykke til i fylkesfinalen.
Prosjektet: Frå åretak til lysglimt
Problemstilling 2026
Voss, Kvam og Ullensvang
- Korleis kan Hardanger og Voss museum bli ein stad der barn og ungdom har lyst til å stikke innom – ikkje fordi dei må, men fordi det er gøy, interessant, sosialt eller berre annleis?
- Korleis kan me bruke det som er ekte, fysisk, handfast og levande til å skape opplevingar som treffer unge i dag?
Elevprosjekta frå Kvam
Strandebarm skule
Dokke med VR briller og magiske støvlar.
Norheimsund skule
Båt.
Øystese skule
Kabuso/hinderløypa/escaperoom
Om Ungt Entreprenørskap
Ungt Entreprenørskap er ein ideell, landsomfattande organisasjon som saman med utdanningssystemet, arbeidslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv.
Programma vert gjennomført i nært samarbeid med det lokale arbeids- og næringslivet. På denna måten byggjer dei bru mellom teori og praksis, og bidrar til å auke kreativitet og relevans i læreprosessane. Ungt Entreprenørskap er ein brubyggar mellom skole og arbeidsliv.
Lenkje til Ungt Entreprenørskap sin nettstad.