Snøskredvarsel

Fredag 13.03 Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

karutsnitt hardanger med oransje markering - Klikk for stort bilete

 

Oppdatert fredag 12. mars 

Voss

Du kan lett løyse ut store skred i den ferske fokksnøen. Det kan også finnast vedvarande svake lag i snødekket som kan verta påverka. Unngå leområde med ferske fokksnøflak.

Hardanger

Fokksnøflak i høgda treng tid for å stabilisere seg. Det kan også finnast vedvarande svake lag i snødekket som kan verta påverka. Unngå leområde med ferske fokksnøflak.

Skredfarevurdering

Kraftig vind frå sørvest i kombinasjon med meir snø i høgda vil gi ferske fokksnøflak i leheng. Typisk bak ryggar, toppar og kular i terrenget der vinden legger frå seg snøen. Det kan her vera lett å løyse ut skred og skred kan bli store etter mykje nedbør og pålagring siste døgn. Naturleg utløyste skred er også mogleg, men mindre sannsynleg etter som nedbørsmengda avtar noko.

Det finnast stadvis svakt lag av kantkorn i det gamle snødekket som kan bidra til ytterlegare ustabilitet. Laga kan finnast i fleire himmelretninger enn fokksnøproblemet.

Snøgrensa er vente å synke og faren for våte skred er avtakande.
 

Les meir om skredproblem og råd, samt vidare varsel på varsom.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.