Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Tilskot til verna kulturminne i Kvam 2026 Vestland fylkeskommune si tilskotsordning til verna kulturminne tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av ...
Tilskot til nasjonal og internasjonale idrettsarrangement og arenaer Tilskotsordninga for nasjonale og internasjonale idrettsarrangement og arenaer skal bidra til at aktørar i Vestland kan gjennomføre berekraftige idret...
Bli tryggare i den digitale kvardagen – med Friskus‑appen I Kvam skjer det mykje, både stort og smått. Nokre gongar kan det vera vanskeleg å få med seg alt, og mange opplever at informasjon kjem frå fleire ka...
Høyring og offentleg ettersyn: Lokal forskrift - Påslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn Kvam heradstyre har i møte den 19.03.2026 vedteke i samsvar med forvaltningslova § 37 ff, forureiningslova § 9 og forureiningsforskrifta § 15A-4 og § ...
Høyring og offentleg ettersyn: Lokal forskrift – Utslepp frå mindre avløpsanlegg Kvam heradstyre har i møte den 19.03.2026 vedteke i samsvar med forureiningsforskrifta § 12-6, å leggja Lokal forskrift – Utslepp frå mindre avløpsanl...
Høyring og offentleg ettersyn: Nye kommunedelplanar for vatn og avløp 2026 - 2033 Kvam heradstyre har i møte den 19.03.2026 vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 å leggja kommunedelplanar for vatn og avløp ut til høyri...
Tips til samtale med barn og unge Korleis kan vaksne snakka med barn og ungdomar på ein måte som gjer dei trygge til å kunna fortelja korleis dei har det på innsida?
Biblioteka sine opningstider påske 2026 Det går heilt fint å nytta seg av Kvam bibliotek sine tenester i påskeferien. Sjekk opningstidene her