Illustrasjon av minirenseanlegg
www.avlop.no 26.03.26
Kva vil forskrifta bety:
Forskrifta stiller tydlegare krav til drift, dokumentasjon og kontroll spesielt for minireinseanlegg.
For eksisterande anlegg betyr dette:
- Plikt til å inngå service- og vedlikehaldsavtale med godkjent føretak dersom anlegget krev service (typisk minireinseanlegget).
- Klare krav til serviceintervall og årleg rapportering til kommunen.
- Årleg tilsyns-/kontrollgebyr, (må inn i gebyrhefte)
- Kommunen kan krevje analyse av utsleppsvatn ved mistanke om svikt.
- Eit nytt krav om tilstandsvurdering av infiltrasjonsanlegg kvart 10.år som mange eksisterande anlegg ikkje har hatt før.
For nye anlegg:
Her kjem dei viktigaste endringane samanlikna med normal praksis i dag:
- Strengare krav til reinseeffekt (§5)
- Alle anlegg må prosjekterast etter VA-miljøblad / Vannstandard. Krav om fagpersonar med VA-teknisk kompetanse, ADK-1 og kurs i mindre avløpsanlegg.
- Infiltrasjonsanlegg, dvs spreiegrøft må ha grunnundersøking utført av personell med hydrogeologisk kompetanse ved etablering
- Hyttefelt bør etablere fellesanlegg
- Infiltrasjon skal vurderast
- Lovkrav eller lokale krav?
Forskrifta er fastsett med heimel i Forureiningslova §9 og Forureiningsforskrifta §12-6. Dette betyr at det er ei lokal forskrift med heimel i nasjonale lover. Innhaldet er i stor grad lokale tilpassingar og skjerpa krav som ikkje nødvendigvis er like i alle kommunar.
Typiske døme på kommunale tilleggs-/skjerpa krav i denne forskrifta:
- Forbod mot minireinseanlegg ved enkeltståande fritidsbustader.
- Krav om service 2 gonger/år for fleire anleggstypar.
- Strenge krav om djupne ved utslepp til sjø.
- Krav om ADK-1 + eigne kurs ved utføring av anlegg.
Det vært elles oppmoda til å lesa forskrifta i sin heilheit, for å fanga opp alle krava i ny lokal forskrift.
Forskrift om utslepp frå mindre avløpsanlegg – ut på høyring (PDF, 87 kB)
Lokal forskrift – Utslepp frå mindre avløpsanlegg (PDF, 147 kB)
Merknad til Lokal forskrift – Utslepp frå mindre avløpsanlegg må leverast skriftleg til Kvam herad innan 08.05.2026 og sendast til:
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Adresse: Kvam rådhus, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund