Tips til samtale med barn og unge - Nettsider for Kvam herad

Tips til samtale med barn og unge

Korleis kan vaksne snakka med barn og ungdomar på ein måte som gjer dei trygge til å kunna fortelja korleis dei har det på innsida? 

I denne korte filmen, som me låner frå Ørsta kommune, møter me Ola på 15, som opplever at det er mykje styr og kaos i livet: 

Heldigvis har Ola ein handballtrenar som forstår korleis han har det. 

I Kvam har me BTI-rettleiaren (Betre tverrfagleg innsats) til å hjelpa oss når me kjenner på uro for eit barn eller ein ungdom. I BTI-rettleiaren ligg det ulike verktøy som er til nytte for tilsette som møter barn, unge og familiar i arbeidet sitt, men som også er nyttige for foreldre, dei som har ansvar for fritidsaktivitetar og andre trygge vaksne i lokalsamfunnet. Kanskje du er den eine vaksne som forstår når det er styr og kaos, slik som handballtrenaren til Ola. 

På det som heiter nivå 0 steg 3 i BTI-rettleiaren kan ein finna tips til samtale med barn og unge. Her er nokre råd: 

  • Møt barnet/ungdomen med undring
  • Ta utgangspunkt i noko barnet/ungdomen har sagt eller opplevd
  • Oppmod til fri forteljing – still opne spørsmål
  • Lytt aktiv 

Heile tipslista kan du lesa her: Tips til samtale med barn

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.