
Kva vil forskrifta bety:
For eksisterande verksemder:
- Alle må ha løyve til påslepp
- Må gjennomføra minst ei årleg prøve av avløpsvatnet i kontrollkum og sende inn resultat til kommunen innan 1. mars saman med oversikt over tømming og driftsjournal. Utsleppet skal innehalda under 50 mg/l olje, målt som oljehydrokarboner.
- Må sørgja for tømming, drift og vedlikehald etter faste intervall, blant anna årleg tømming av oljeutskiljar (§22-23)
- Må etablera prøvetakingskum der dette manglar.
For nye anlegg:
- Nye verksemder må søkje løyve før etablering av utskiljar og påslepp (§6–8).
- Det blir krav om full dokumentasjon og dimensjonering av utskiljar før godkjenning (§24).
- Alle nye anlegg må byggjast etter dei tekniske krava i §§14–20, inkludert sandfang/slamavskiljar,.
- Kontrollkum er obligatorisk ved alle nyanlegg (§20).
Kommunen kan stille tilleggskrav til plassering, løysing eller strengare utsleppskrav etter vurdering (§8).
Lovkrav eller lokale krav?
- Forskrifta er fastsett med heimel i Forureiningslova §9 og Forureiningsforskrifta §15-6, og er dermed lovleg bindande regelverk – ikkje berre lokale ønskjer.
- Kommunen står fritt til å detaljere og skjerpe krav innanfor denne heimelen. Dei konkrete krava til prøvetaking, rapportering, tekniske løysingar og drift er derfor lokalt fastsette krav, men dei har rettsleg forankring og er fullt ut pliktige for verksemdene.
Det vært elles oppmoda til å lesa forskrifta i sin heilheit, for å fanga opp alle krava i ny lokal forskrift.
Forskrift om påslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn – ut på høyring (PDF, 101 kB)
Lokal forskrift – Påslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn (PDF, 140 kB)
Merknad til Lokal forskrift – Påslepp av olje- og feitthaldig avløpsvatn må leverast skriftleg til Kvam herad innan 08.05.2026 og sendast til:
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Adresse: Kvam rådhus, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund