Bli tryggare i den digitale kvardagen – med Friskus‑appen - Nettsider for Kvam herad

Bli tryggare i den digitale kvardagen – med Friskus‑appen

I Kvam skjer det mykje, både stort og smått. Nokre gongar kan det vera vanskeleg å få med seg alt, og mange opplever at informasjon kjem frå fleire kantar. Difor har Kvam herad teke i bruk Friskus kommune, ein innbyggjarapp som samlar mykje av det du treng å vita – på ein enkel og oversiktleg måte.

Bilde av eldre ektepar med smarttelefon som syner innbyggjarappen til Kvam herad - Klikk for stort bileteRune og Irene vert kjent med Friskus kommune Connie Langeland

 

Innbyggjarapp for alle aldrar

Mange av oss er ikkje oppvaksne med mobiltelefon i lomma. Likevel kan ei slik app vera ei god hjelp i kvardagen. Du treng ikkje vera spesielt digital for å bruka han – her er det roleg tempo, store knappar og tydeleg tekst.

Kva kan Friskus hjelpa deg med?

  • Du kan sjå kva som skjer i nærmiljøet – turar, møteplassar, kultur, trim, frivillige aktivitetar.
  • Du får kort veg til praktisk informasjon frå Kvam herad, samla på ein stad.
  • Du kan tilpassa framsida i appen med dine viktigaste lenker, så du lett finn dei att.
  • Om du ønskjer, kan du få varslingar på dei tenestene til Kvam herad som du interesserar deg for - når det kjem nytt som kan vera nyttig.
  • Snarvegar til å melde frå om feil til kommunen.

 

bilde av eldre mann som held ein smarttelefon i handa - Klikk for stort bileteSlik ser sjølvbetjeninga i innbyggjarappen ut Connie

Kvifor kan det vera greitt å ha ein slik app?

For mange gjev appen ein kjensle av oversikt og tryggleik. Om du gløymer å sjekke nettsida til Kvam.no får du her automatisk påminning om nyhende. Ein slepp å lura på kvar ein skal leita, og ein kan sjå kva som skjer når det passar ein sjølv. Nokre liker appen fordi dei får inspirasjon til å vera meir engasjerte i kvardagen, andre fordi dei kan følgje med utan stress.

Det viktigaste er at du brukar appen på dine premissar – det er ingen krav, berre eit tilbod.

Korleis fungerer dette i praksis?

Appen ligg som eit lite ikon på telefonen din. Når du opnar han, ser du ei oversikt over aktivitetar og nyhende frå heradet. Du trykkjer på det du vil lesa meir om. Meir komplisert er det ikkje.

Og hugs: Du øydelegg ingenting om du trykkjer feil. Det går alltid an å gå tilbake.

 

seniorar med smarttelefon - Klikk for stort bilete Connie

 

Slik lastar du ned Friskus‑appen – steg for steg

Nedanfor finn du ei heilt enkel oppskrift som mange synest er god å ha når dei skal i gang.

For iPhone (Apple)

  1. Finn App Store på telefonen (blå ikon med ein A).
  2. Trykk på søk nede til høgre.
  3. Skriv inn Friskus.
  4. Vel appen som heiter Friskus.
  5. Trykk på Hent eller Last ned.
  6. Bruk Apple‑ID‑passord eller FaceID om du blir spurd.
  7. Når den er ferdig, trykk Opna.
  8. Vel Kvam herad i lista over kommunar.

For Android (Samsung, Huawei, Xiaomi m.fl.)

  1. Finn Google Play Butikk (ikon med farga trekant).
  2. Trykk i søkefeltet øvst.
  3. Skriv Friskus.
  4. Vel appen som heiter Friskus.
  5. Trykk på Installer.
  6. Når den er ferdig, trykk Opna.
  7. Vel Kvam herad som kommune.

 

Friskus‑appen er eit frivillig tilbod – eit lite verktøy som kan gjera kvardagen enklare. 

Mange seniorar i Kvam brukar han allereie, og mange får hjelp av familie, vener eller kommunen for å koma i gang. 

-Slik som Rune Stenberg Larssen (79) og Irene Solberg Larssen (77) (avbilda)

 

Skulle du likevel ikkje få det til er du velkomen til Servicetorget på Kvam rådhus for rettleiing og bistand.

 

Her får du eit innblikk i korleis det ser ut “der inne”:

framsida til Kvam herad sin Friskus kommune app - Klikk for stort bileteFramsida til Kvam herad sin innbyggjarapp Friskus kommune. Nyhende. Dei fire knappane i toppen kan du tilpassa etter dine ønsker og behov.

 

 

knappen aktivitetar i innbyggjarappen - Klikk for stort bileteAkitvitetar: skjerikvam.no integrert i appen

 

Skjermbilde frå meld frå feil i appen - Klikk for stort bileteMeld frå i innbyggjarappen

 

Skjermbilde av sjølvbeteninga i appen - Klikk for stort bileteSjølvbeteninga i appen

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.