Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Sprøyta betong i Bergshagen Vegavdelinga i Kvam herad har mange oppgåver, og mange hjelparar. Her er eit døme.
Korleis snakka med born om krig Mange av oss kan bli uroa og redd av overskrifter og artiklar i media som skildrar invasjonen og krigshandlingane i Ukraina. Særleg barn og unge treng ...
Berre tre ting skal i do Ein kan pakka inn bodskapen i finare ord, men det enkle er gjerne det beste: Det er berre bæsj, tiss og dopapir som skal i do.
Kvam herad har vorte klimapartnar Tysdag signerte ordførar Torgeir Næss avtala som gjer at Kvam herad no er ein Klimapartner.
Opningstider på rådhuset i jula Kvam rådhus er stengt julaftan og nyttårsaftan. Alle opningstidene i jula finn du her.
Kulturprisen 2021 til Arne Kristian Glück-Teigland – Gjennom ei årrekkje har du bidrege til å gjera kultur-, frilufts- og idrettslivet i Kvam rikare. Dette skuldar med deg ein stor takk for, sa ordføra...
«Hidlaren» vann byggjeskikkspris På heradsstyremøte tysdag vart Kvam herad sin byggeskikkpris dela ut. Prisen gjekk til prosjektet Hidlaren.
Høyring og offentleg ettersyn: Strategiplan for integrering 2022-25 I tråd med heradsstyret sitt vedtak i sak 034/21 vert strategiplan for integrering lagt ut på høyring og offentleg ettersyn fram til 15. desember.
Opna tilrettelagt bergkunst Torsdag kveld vart den nye tilrettelegginga av bergkunstfeltet ved Vangdal opna. Prosjektet er eit samarbeid mellom grunneigarane ved Vangdal, Kvam he...
Vellukka kulturminnedag Vêrgudane var med på laget då årets kulturminnedag gjekk av stabelen i Ålvik i går, sundag.