Kulturprisen 2021 til Arne Kristian Glück-Teigland

Kulturprisvinnar Arne Kristian Glück-Teigland – Gjennom ei årrekkje har du bidrege til å gjera kultur-, frilufts- og idrettslivet i Kvam rikare. Dette skuldar med deg ein stor takk for, sa ordførar Torgeir Næss under prisutdelinga. 

Over nyttår skal Arne Kristian - AK - overta drifta av Fagerheim Fjellstugu på Hardangervidda, saman med kona Kristin. – Det passar nok hand i hanske for ein villmarkens son, sa ordføraren, – Før du reiser frå oss, vil me gjerne få gje deg litt heider. 

– Me vil gjerne at ungdomar vert buande i Kvam, at ungdomane våre kjem tilbake til Kvam, og at det kjem unge og andre flyttande til Kvam. Det er då avgjerande at dei kan oppleva noko her. Du har gjeve dei, og oss dette. Konsertar, festivalar, samlingar, løp, forskjellige laup og larm – alt dette er slikt som gjer oss mykje kulare, meir attraktive, og som rett og slett gjer Kvam til ein meir attraktiv stad.

Han lista opp nokre av dei mange tinga Glück-Teigland har vore involvert i: Hardinglam, Hardinglaupet, Hardanger skifestival, igangsetjinga av Bygdalarm, Storeteigen og ikkje minst gjenreisinga av Holmatun som eit pulserande punkt i Kvam sitt kulturliv.

– Du er rett og slett ein dugande, spennande og kul person, der den sjeldne kombinasjonen struktur og kreativitet har teke bustad i same lekamen. Me vil sakna deg når du no reiser til nytt beite saman med familien, sa ordføraren. –  Kvam herad vil gje eit handfast prov på kor mykje me set pris på deg. Det er difor ei ære og ei glede å tildela deg Kvam herad sin kulturpris for 2021. Gratulerer!