Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Korleis snakka med born om krig

Mange av oss kan bli uroa og redd av overskrifter og artiklar i media som skildrar invasjonen og krigshandlingane i Ukraina. Særleg barn og unge treng å få snakka om kva tankar dei gjer seg, få ærleg, alderstilpassa informasjon og støtte til å mestra uro og redsel.

Foreldre, tilsette i barnehage og skule er dei som i første rekkje kan gje best støtte og er lettast tilgjengelege for borna. Flyktningar med krigs- og traumeerfaringar kan bli ekstra redde og bekymra, også fordi dei kan ha vanskar med å lesa og tolka nyhendestraumen. Her har me alle eit ansvar for å gje støtte og lytta til korleis dei opplever situasjonen. Eit venleg smil og eit liten prat kan vera til god støtte.

  • Born treng presis, ærleg og alderstilpassa informasjon om situasjonen i Ukraina.
  • Det er lurt å forsikra born om at dei er trygge i Norge. Det er mange som jobbar for det både i Norge og i Europa.
  • Som vaksen bør du følgja med på kva born får med seg i nyhendestraumen,
  • Ta pause frå nyhendestraumen som vaksen også.
  • Ver litt meir tilgjengeleg og etterspør litt meir enn vanleg kva dei tenkjer på,
  • Oppretthald daglege rutinar og finn på noko kjekt saman.

Her kan du finn fleire råd om korleis ein kan snakka med born om dei grufulle hendingane i Ukraina:

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.