Arbeidsoppgåvene til vegavdelinga i Kvam herad er mange og varierte: drift og vedlikehald av kommunale vegar, kantslått, vintervedlikehald og så vidare.
Eit nyleg døme er ein mur som måtte sikrast på ein kommunal veg i Bergshagen, og her kjem også dei mange hjelparane inn i biletet: her er det Gjerden Fjellsikring som har utført fjellsikring, Jan Mo AS stiller med lastebil og korg (sjå biletet over), og Hardanger Betong AS leverer sprøytebetong. Nedanfor kan du sjå video frå arbeidet, og i slidaren nedst kan du sjå bilete frå før og etter jobben.