Kvam herad har vorte klimapartnar

Tysdag signerte ordførar Torgeir Næss avtala som gjer at Kvam herad no er ein Klimapartner. 

Klimapartnere er eit partnarskap for grøn næringsutvikling, og har over 300 partnerverksemder landet over. Visjonen deira er at Noreg skal lukkast med omstilling for å nå 1,5 graders-målet. 

Partnarskapa tilbyr regionale og effektive møteplassar for å læra, heva kunnskap og dela erfaring. Klimapartnere er også ein koplingsboks for grøn innovasjon mellom offentlege og private verksemder, deler råd med konkrete døme og jobbar systematisk med klimaarbeid. Partnarar signerer ei forpliktande partneravtale, og vert utfordra til å bli fossilfri (direkte utslepp) innan 2030 og til å etablera minst ett spydspissprosjekt.

I 2020 lanserte Klimapartnere ein eigen grøn løysingsbank, med konkrete tiltak og føredøme.  

Her i Vestland er mellom andre Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy, Voss og Samnanger kommunar klimapartnarar, og det same er Vestland fylkeskommune. Det same er ei rekkje verksemder, frå Universitetet i Bergen til Asko Vest, frå Firda billag til Fjordkraft.