«Hidlaren» vann byggjeskikkspris

Brigt Lyng Svingen (eigar og byggherre) og Lars J. Berge (arkitekt)På heradsstyremøte tysdag vart Kvam herad sin byggeskikkpris dela ut. Prisen gjekk til prosjektet Hidlaren.

Garden har ei lang historie som busetnad, og oppføringa av det nye våningshuset har på meisterleg vis klara å sameina eit tidsmessig bygg med bygningsarv og landskap, heiter det i grunngjevinga frå juryen, som har bestått av plan/byggesakssjef Heidi Ørjansen, samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne, arkitekt Niklas S. Alveberg og byggesakshandsamar Bjørn Vik. 

Du kan lesa meir om pristildelinga i Hordaland Folkeblad.