Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Kven køyrer deg frå julebordet? Har du planar om å ta deg nokre glas alkohol, bør du også planleggje for alternativ transport. Sjølv om det berre er ein kort tur heim, må du la bilen ...
Årets siste møte i Kvam heradsstyre! Kva står på sakslista torsdag 7. desember?Korleis kan du følge med direkte?
Julestemning på pendlarkontoret Heim til jul? Hugs å bestille deg plass på pendlarkontoret medan du er heime!
Ikkje for seint å vaksinere seg! Drop-in vaksinering av influensa- og koronavaksine er gjennomført, men det er framleis mogleg å bestilla seg time og få tatt vaksine på legekontora og ...
Nytt om fritidskortet pluss Fritidskortet pluss er ein del av fritidskortordninga. Gjennom denne ordninga kan barn og unge i familiar med trong økonomi få utvida støtte til friti...
Omval til fylkestingsvalet i Moss kommune Kommunal- og distriktsdepartementet handsama 4. oktober 2023 klage på valet i Moss og vedtok at det skal gjennomførast omval til fylkestingsvalet i Mo...
Budsjettframlegg for 2024 I heradsstyremøtet 7.11.23 vart rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2024 og økonomiplan 2024-2027 presentert.