Nytt om fritidskortet pluss

Fritidskortet pluss er ein del av fritidskortordninga. Gjennom denne ordninga kan barn og unge i familiar med trong økonomi få utvida støtte til fritidsaktivitetar. Det er no også mogleg å søkja om støtte til tur, leir og cup. 

Målsetjinga med fritidskortordninga er at familien sin økonomi ikkje skal vera eit hinder for barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar.

Kvart år får alle unge kvemmingar mellom 6 og 18 år 2200 kroner på fritidskortet sitt. 

Dersom familien sin økonomi er trong, er det ikkje alltid denne summen er nok til at eit barn eller ein ungdom kan starta opp eller halda fram i ein aktivitet. Derfor har me ordninga fritidskortet pluss, som gjev auka verdi på fritidskortet. 

Meir informasjon om ordninga og søknadsskjema finn du på denne lenka!