Ikkje for seint å vaksinere seg!

Drop-in vaksinering av influensa- og koronavaksine er gjennomført, men det er framleis mogleg å bestilla seg time og få tatt vaksine på legekontora og apoteka. 

Illustrasjon av vaksinering, med kvam herad rose - Klikk for stort bilete

Legekontora set både influensa- og koronavaksine og apoteket set influensavaksine.

Influensavaksine anbefalast for:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Born og vaksne med kroniske sjukdommar kor influensa kan føre til alvorleg lungebetennelse og forverring
  • Personar som bur saman med nokon med nedsett infeksjonsforsvar

 

Det anbefalast i haust ny oppfriskingsdose med koronavaksine for:

  • Personar i aldersgruppa 65 år og eldre
  • Personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggjande risiko for alvorleg sjukdomsforløp

 

Er du usikker på om du bør vaksinerast, kan du lese meir på fhi.no eller spørje legen din.

Koronavaksine kan du få samstundes med influensavaksine.

Dersom du nyleg har hatt korona med bekrefta test, vert det anbefalt 3-4 månadar til ny oppfriskingsdose.