Årets siste møte i Kvam heradsstyre!

Kva står på sakslista torsdag 7. desember?

Korleis kan du følge med direkte?

Bilde av Kvam heradsstyre 2023 - 2027 - Klikk for stort bileteKvam heradsstyre 2023 - 2027

Kven: Kvam heradsstyre

Kva: Heradsstyremøte torsdag 7.12 kl 9 - 17

Kvar: Kvam rådhus

Sakslista finn du på denne lenka her!

For å nemne noko står fylgjande saker på sakslista:

  • Kvam herad - budsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027
  • Prisar og gebyr for 2024
  • Trafikksikringsplan for Kvam herad i perioden 2024 - 2027
     
  •  Søknad om støtte til kulturnaustet ved Hardanger fartøyvernsenter

På sistnemnte sak kan ein lese at rådmannen sitt framlegg til vedtak lyder slik:
Kvam heradsstyre tildeler ytterlegare 4,5 mill.kr. i tilskot til Hardanger fartøyvernsenter si finansiering av «Kulturnaustet» som inngår i «Tett på»-prosjektet. Tilskotet vert løyvd av kraftfond. 

Medan vedtaket som skal til behandling i politiske utval torsdag lyder slik:
Kvam heradsstyre tildeler ytterlegare 6 mill.kr. i tilskot til Hardanger fartøyvernsenter si finansiering av «Kulturnaustet» som inngår i «Tett på»-prosjektet. Tilskotet vert løyvd av kraftfond. 

Dette og meir til kan du følge direkte på kommune - TV, om du følger denne lenka!