I Kvam herad har veljarar som er heimehøyrande i Moss kommune høve til å førehandsrøysta i tidsrommet 13. november til og med 24. november.
Veljar må ta kontakt med fellessekretariatet på rådhuset og avtala tid for røystegjeving enten ved personleg frammøte eller per telefon 56 55 30 00.
Framgangsmåte:
Veljar blir møtt med ein røystemottakar. Etter at røystesetelen er stempla skal veljaren leggja den i ein røystesetelkonvolutt og lime igjen denne. Røystemottakar skal deretter legga røystesetelkonvolutten saman med valkortet i ein omslagskonvolutt.
Omslagskonvolutten skal sendast til Moss kommune, jf. § 8-4 femte ledd.