Kven køyrer deg frå julebordet?

Har du planar om å ta deg nokre glas alkohol, bør du også planleggje for alternativ transport. Sjølv om det berre er ein kort tur heim, må du la bilen stå! 

Annonse frå Trygg trafikk. Bilde av ein heim i mørke. - Klikk for stort bilete

Du har også eit ansvar for å melda frå dersom du veit eller mistenkjer at nokon køyrer ruspåvirka.
#edrusjåfør

Køyring i ruspåvirka tilstand er ein medverkande årsak til mange alvorlege ulukker på norske vegar.

  • Hugs også at promillen kan sitta i dagen derpå.
  • Ver sikker på at du er i stand til å køyra bil før du set deg bak rattet.

Kvam herad er eit trafikksikkert herad, kvar månad får me ein kampanje frå Trygg trafikk som me formidlar til våre innbyggarar.

Vel heim!