Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Kveldskurs i norsk for innvandrarar Kvam vaksenopplæring startar kveldskurs i grunnleggjandenorsk retta mot B1-B2 nivå 18 mars.*
Klima- og miljøprisen 2024 for landbruket i Vestland Klima- og miljøprisen for landbruket skal delast ut for andre gong i 2024. Du kan nominere kandidatar fram til 11. mars.
Regionalt kulturfond Hardanger 2024 Midlane er meint å stimulera til kulturutvikling i Hardanger. Nye tiltak og prosjektutvikling vert prioritert.
Vinnarar av årets fotokonkurranse Etter fleire rundar i juryen har me endeleg klart å velge ut vinnarbileta blant dei nærmare 350 innsendte bidraga.
Prosjekt: Fitjadalsvegen i Øystese I Fitjadalsvegen skal ein langs eksisterande kommunal veg etablera utvida veg og fortau på eit vegstrekk på ca. 500 meter. Det er dei seinare åra etab...
Bergen si byrådsavdeling for byutvikling på besøk i Kvam I nydeleg vintervèr inntok Bergen si byrådsavdeling for bytutvikling Norheimsund torsdag 8. februar.
Foreldrekurs: Ver med meg. Avlyst! Kveldskurs med oppstart tysdag 13. februar 2024 vert ikkje gjennomført som tidlegare planlagt. Nytt kurs hausten 2024.
Fagdagar for tilsette i pleie og omsorg For fyrste gong vart det 30. - 31. januar arrangert fagdagar for tilsette i Kvam herad i Øystese idrettshall
Kvam rådhus har vorte Miljøfyrtårnsertifisert! Fredag 2. februar kunne ordføraren overrekkje Miljøfyrtårn-planketten til rådmannen i høve Miljøfyrtårn-sertifisering av Kvam rådhus.