Klima- og miljøprisen 2024 for landbruket i Vestland

Klima- og miljøprisen for landbruket skal delast ut for andre gong i 2024. Du kan nominere kandidatar fram til 11. mars.

sauer - Klikk for stort bilete Elisabeth D Handegård

_______

 

Prisen er på 30 000 kr, og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald. 

Kven kan få prisen?

  • Gardbrukarar
  • Skogbrukarar
  • Mindre organisasjonar
  • Kommunar
  • Næringsverksemder og FoU-verksemder
  • Lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats

kan få prisen.

Døme på god innsats kan mellom anna vere

  • arbeid med karbonbinding
  • reduksjon av klimagassutslepp
  • klimatilpassing
  • målretta arbeid med jord og skog
  • forbetring av vasskvalitet
  • gjenvinning og reduksjon av avfall
  • styrking av naturmangfald

Alle kan nominere kandidatar.

Frist for å nominere er 11. mars 2024.

Gå til skjema for nominering her

Meir informasjon frå Vestland fylkeskommune finn du på denne lenka

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.