Vinnarar av årets fotokonkurranse

Etter fleire rundar i juryen har me endeleg klart å velge ut vinnarbileta blant dei nærmare 350 innsendte bidraga.

Vinnarbilete av trillingar på surfebrett på fjorden. - Klikk for stort bilete Malin Namdal

___________

Fyrst må me takke for veldig mange og gode bidrag til vår fotokonkurranse!

Det er ingen tvil om at me bur i storslått og inspirerande natur, som mange har glede av.

Fotokonkurranse

Tidleg i januar i år lyste me etter bilete til ein fotokonkurranse med følgjande tekst.

Bildebehovet vårt er større enn nokon gong. Me treng stadig bilde for å syna fram menneska, aktiviteten, naturen, kulturen og det som elles rører seg i Kvam.

Det trengs freistande, ekte forsidebilde til fleire ulike tenester og system me har i heradet og ikkje minst til stillingsutlysingar som skal trekke endå fleire menneske til oss.

Alle kunne sende inn bilde dei sjølv har tatt i Kvam herad, med atterhald om at ein føl retningslinjene for konkurransen.

Etter å ha vurdert alle innsendte bidrag opp mot retningslinjene landa me på desse tre bileta under.

 

1. premie gåvekort til valfri bruk i Kvam kr 2000,-

Fotograf: Malin Namdal

Motiv: Barn i badeleik på Hardangerfjorden. Kvamsøy og Tjuvaholmen i bakgrunnen.

 

bilde av tre bodn på eit SUP brett på hardangerfjorden, kvamsøy og tjuvaholmen i bakhrunna - Klikk for stort bilete Malin Namdal

 

Grunngjeving
Bilete tek tak i smilebåndet og gjer ein glad. Representerer born og trua på framtida i Kvam, med gode oppvekstvilkår. Det er naturglede, samhald, fjord, fjell, tryggleik, barn og kjende landemerke for ein kvar kvemming. I tillegg er bilete godt komponert og balansert, med fine kontrastar i fargane. Bilete representerer Kvam på ein glad og lystig måte som me kan ha nytte av på mange flater. Dette bilete skal det godt gjerast å ikkje legge merke i  Kvam herad si marknadsføring dei kommande åra. 

 

2. premie gåvekort til valfri bruk i Kvam kr 1000,-

Fotograf: Pernille Djupesland

Motiv: Bilete av gutta som nyt ei stille stund med utsikt til Omaholmen, ein tidleg mai-morgon. På veg til barnehagen ein kvardag i Kvam, måtte me stoppa for å ta inn øve oss kor privilegerte me er.

 

Omaholmen og gutar i blomeeng - Klikk for stort bilete Pernille Djupesland

Grunngjeving
Ein ikonisk og vel fotografert motiv frå Kvam, Omaholmen, som får ein ekstra dybde med to nysgjerrige gutar som ser ut mot holmen. I tillegg har fotografen fanga ein trollsk fjord i bakgrunna og ei blømande blomeeng i forgrunnen. Bilete syner noko nært og personleg i tillegg til den flotte naturen vår og eit kjend nasjonalt og internasjonalt landemerke. Barn representerer trua på framtida i Kvam. Utsnittet er interessant og me ser for oss å kunna nytta dette bilete på mange ulike flater for å representera kommunen vår - frå kvardagstematikk til dei store linjene. Framtida er her!

 

3. premie gåvekort til valfri bruk i Kvam kr 500,-

Fotograf: Kjell Inge Tufte Tyssen

Motiv: Torefjell mot Øystese, Norheimsund og Hardangerfjorden.

 

bilde av mann med hovudlykt på Torefjell med lysande bygder i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Kjell Inge Tufte Tyssen

 

Grunngjeving
Eit spennande og interessant bilete på mange måtar. Symbolikken med levande bygder er så absolutt til stade, kontrastar mellom lys og mørke, vinterkulde og varmt lys var element som fanga juryen. Bilete viser tydeleg at det er kort veg i mellom natur og folk i Kvam. Dette er eit bilete me trur ein kan sjå mange gonger utan å ha sett det "ferdig". I tillegg har det viktig for juryen at mennesker er med på å personleggjere og gje stemning til bilete, noko me synest er godt dekka her. Så vel som storslått natur.

___________

Vinnarane er kontakta.

Alle som deltok gav juryen ei krevjande oppgåve, då bidraga var både mange og svært gode.

Tusen takk til alle som sendte inn bilete, det set me stor pris på!

Me skal heldigvis få gleda oss over alle desse bileta i åra som kjem, då dei også vil bli aktivt brukt i våre system og på våre kanalar og plattformar.

God fredag!

______________

Sit du på gode bilete som du ynskjer å dela med oss?
Send gjerne inn til oss på e-post: conlan@kvam.herad.no

Lenke til konkurransen som vart avslutta 1. februar 2024