Bergen si byrådsavdeling for byutvikling på besøk i Kvam

I nydeleg vintervèr inntok Bergen si byrådsavdeling for bytutvikling Norheimsund torsdag 8. februar.

F.v. Christine Kahrs - byråd for byutvikling i Bergen, Anna Tjosås, Trond Inge Brakestad og Leiv Ingmar Kaale - Klikk for stort bileteF.v. Christine Kahrs - byråd for byutvikling i Bergen, Anna Tjosås, Trond Inge Brakestad og Leiv Ingmar Kaale

_________

Planavdelinga til Kvam herad var engasjert til å fortelja om Norheimsund og dei grepa som er gjort for å løfta fram igjen kvalitetane som ligg i sentrum, men som hamna i bakevjo i ei tid der mykje av utviklinga var på bilen sine premissar.

Etter velkomst og ei orientering om historia til Norheimsund og utviklinga fram til i dag, gjekk me ut og synfarte staden som i 2013 vart kåra til den mest attraktive staden i Norge. Fyrste stopp var i krysset mellom Mo Sport og Iversenbygget. Her er utsikten god mot byggjeplassen for ny vidaregåande skule. Me fekk diskutert både sentrumsutvikling, parkeringspolitikk og dei gode grepa som er gjort for å integrera den gamle ungdomsskulen med sitt særprega tårn, saman med den nye bygningsmassen.

Vidare gjekk turen gjennom handlegata der breie, gode foratu og medviten materialbruk var tema. På sjøsida ved banken hadde me godt utsyn mot dei nye husværa på Soltorp og Solstrand. Her fekk me formidla dreininga som kommunen har hatt mot å satsa på sentrum heller enn å byggja ut område som ligg lenger unna.

Bergen si byrådsavdeling på strandvegen nedanfor Thon hotell - Klikk for stort bilete

 

Turen gjekk vidare langs strandvegen framfor hotellet og parken og bort til Hardanger Brygge. Kvam herad fekk mykje skryt for arbeidet som er lagt ned på denne strekninga. Framfor Hardanger Brygge vart det, ikkje uventa frå ei avdeling som arbeider med byutvikling, stilt spørsmål om skilta som er merka med privat ved uteområda som ligg inntil strandvegen.

 

Her hadde me ikkje så gode svar å koma med, men me tek med oss oppfordringa frå Byråd Kahrs som gjekk til alle kvemmingar om å vera raus og tenkja deling av areal når det kjem til god sentrumsutvikling.

 

Hardanger Fartøyvernsenter sitt prosjekt Tett på var neste tema på runden. Det er fint at me kan visa at mykje har skjedd i Norheimsund, men òg at det framleis skjer gode grep til beste for dei som bur og besøker staden. Som avrunding av turen gjekk med langs kulturgato og betrakta dei flotte, eldre trebygningane og dei ærverdige store trea - eit kulturmiljø som gjer Norheimsund rikare.

 

Det er alltid kjekt å visa fram dei kvalitetane som me har i Norheimsund – særskilt kjekt er det å diskutera med ein slik gjeng som sjølv er opptatt av å foredla byen sin.

 

Leiv Ingmar Kaale - rådgjevar plan og bygg