Prosjekt: Fitjadalsvegen i Øystese

I Fitjadalsvegen skal ein langs eksisterande kommunal veg etablera utvida veg og fortau på eit vegstrekk på ca. 500 meter. Det er dei seinare åra etablert eit nytt bustadfelt langs denne vegen og mange born og bebuarar har behov for ein trygg gangveg til sentrum.

Bilete av deler av Fitjadalen som skal forbetrast - Klikk for stort bilete

___________

Viktig trafikksikringstiltak

Tiltaket er eit viktig trafikksikringstiltak. Kvam herad har søkt både Statens Vegvesen og Vestland fylke om trafikksikringsmidlar. Statens Vegvesen har løyvd 1 mil. kr til tiltaket. Utbyggingskostnaden vert finansiert av Kvam herad, trafikksikringstilskot, samt via utbyggingsavtale med Torebøen bustadfelt. 

 

google streetview frå nedre del av vegstrekket som skal forbetrast - Klikk for stort bileteNedre del av vegstrekket som skal forbetrast. Google maps

Nedre del

Oppstart i februar 2024. Vegstrekket i kryss frå fylkesvegen i Skårdalen til avkøyring til Steinhus. 
Her vart det i 2018 utført arbeid med VA sanering, kabelanlegg og tilrettelegging for utvida veg og fortau.

På dette delstrekket inngår no arbeid med:

  • vegutviding
  • natursteinsmuring
  • betongkant
  • etablering av fortau
  • nye asfaltdekke

 

Google streetview av øvre del av vegstrekket, mot Torebøen bustdadområde - Klikk for stort bileteStarten på øvre del som skal forbetrast Google

Øvre del

Deretter skal øvre delstrekk frå avkøyring til Steinhus og opp til Torebøen og kryss til Kyrhagen forbetrast. 

Det skal her utførast arbeid med:

  • vegutviding
  • masseflytting
  • sprengingsarbeid
  • natursteinsmuring
  • vegoverbygning
  • asfaltdekke
  • fortau

Det skal også opparbeidast nye anlegg for vatn, spillvatn og overvatn.

Anlegga skal knytast til eksisterande anlegg, både kommunale hovudleidningar og private stikkleidningar. Det skal opparbeidast nytt veglys og kabelgrøft. Eksisterande VA anlegg skal vere i drift under utføringa. Det inngår arbeid med midlertidig forsyning-leidningar for vatn og avløp.
 

Framdriftsplan

- omsyn til trafikk og tid til gjennomføringa

Arbeid er planlagt utført vår/sommar 2024. Tidspunkt er vald med tanke på at denne typen arbeid krev gode produksjonsforhold utan snø og frost. Trafikkavviklinga kan gjennomførast på ein trygg, smidigare og betre måte ved utføring i dette tidsrommet.

Produksjonstida er sett opp ut i frå erfaringstal og erfaringar frå tilsvarande kommunale prosjekt. Det er vurdert og planlagt at det er sett av nok tid for å kunne ivareta tryggleiken under produksjon. Sikkerheita til gåande skal ivaretakast.

Det er planlagt at vegen kan stengast for biltrafikk tidvis under utføringa. Dette vil medføre gode produksjonsforhold og sikker utføring. 

Gode produksjonsforhold vil medføra kortare produksjonstid og mindre ulemper for trafikanter og naboar.

Oppstart er planlagt i mars 2024 ferdigstilling september, same år.

Oppdraget er tildelt GBS entreprenør.