Fagdagar for tilsette i pleie og omsorg

For fyrste gong vart det 30. - 31. januar arrangert fagdagar for tilsette i Kvam herad i Øystese idrettshall

Bilda av Optima sin post på fagdag for pleie og omsorg i hallen - Klikk for stort bilete

_____________

Dei to dagane hadde likt innhald, slik at ein kunne leggja til rette for at flest mogeleg kunne delta. Over 200 tilsette frå eininga deltok i løpet av dei to dagane.

Fyrste del av fagdagen var eit innlegg om kommunikasjon med personar med demenssjukdom ved vernepleiar Ingebjørg Langesæter.

Etter denne fellesdelen, vart alle delt opp i grupper som fordelte seg rundt på postar med ulike tema.

Døme på postar var:

  • Sår
  • Luftvegar
  • NEWS/ISBAR
  • Stomi
  • Kateter m.m.

Arrangør var veldig fornøygd med at dei fekk med seg bidragsytarar frå den offentlege tannhelsetenesta, lokal hudpleieprodusent Optima produkter, og sjukepleiar frå Helsebanken legesenter.

Alle tilsette fekk rullera innom dei ulike postane.

____________

____________

Ein stor takk til fagsjukepleiar Maria Rykkje som har planlagt fagdagane!