Kondolanseprotokoll i høve H.M. Kong Harald V sin bortgangDet er lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus. Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene måndag til torsdag kl 10.00 - 14.00.Den kjære kongen vår, Hans Majestet Kong Harald V, gjekk bort fredag 28. august. Han har tent som statsoverhovud sidan 1991. Han har verkeleg levd opp til valspråket «Alt for Noreg» i alle desse åra. I gjerninga si har han vist tydeleg at dette gjeld alt for alle i Noreg. Gjennom ein varm og inkluderande veremåte fekk han mykje å sei for svært mange. Han viste stor kjærleik til folket sitt, og folket hans gjengjeldte denne kjærleiken. Kvam herad takkar audmjukt for kongegjerninga til Kong Harald. I dag går tankane våre og medkjensla vår fyrst og fremst til familien og hans næraste. Denne kjærleiken, takksemda og medkjensla veit eg at folket i Kvam herad også kjenner på. Difor vert det lagt ut kondolanseprotokoll i Kvam rådhus frå kl 12, fredag 28.08.2026. Alle som ynskjer det er velkomne til å signera den, og gjerne skriva ei siste helsing til kongen. Torgeir Næss, ordførar Publisert av Anita Hesthamar Sist endra 03.09.2026 10:53
Velkomen til skulestart Første skuledag i nytt skuleår 2026/27 er måndag 17. august. Kvam herad ynskjer alle elevar velkomne!
Resultat frå prøver av badevatnet Det er teke badevassprøver den 8. juli 2026. Vasskvaliteten på badeplassane i Kvam vert undersøkt gjennom sumaren.
Informasjon om måleresultat for aluminium i vassverket i Vikøy I samband med sak i media om høge verdiar på aluminium i Kyrkjebø vassverk i Høyanger, har Kvam herad hatt ein gjennomgang av målingane for vassverket ...
Registrering i Eiendomsregisteret Som eigar av bustad eller fritidsbustad har du no høve til å registrera utvalgte opplysningar om din eigedom i Eiendomsregisteret. Dette er ei teneste ...
Ålvik oppveksttun - barnehage og skule Kvam herad skal etablera Ålvik oppveksttun med barnehage og skule for 1.–4. trinn.
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.
Mellombels barneskule på tidlegare Øystese gymnas Kvam herad tek no i bruk tidlegare Øystese gymnas som mellombels barneskule for elevane i samband med den komande rehabiliteringa av Øystese skule.