Løysinga med mellombels skule har som mål å sikra eit godt og funksjonelt skuletilbod for elevane i prosjektperioden.
Bygget er i god stand, men nokre tilpassingar må gjerast før oppstart. Innvendig vert det etablert elevgarderobar og utført noko nødvendig måling og mindre tilpassingar, medan uteområdet vert tilrettelagt med leikeapparat og oppmerking for ulike typar aktivitet og ballspel. Planane for uteområdet byggjer i stor grad på skisser utarbeidd saman med skulen tidlegare i år, men nokre mindre justeringar er gjort undervegs.
Det vil vere lite tilgjengelege parkeringsplassar på barneskuleområdet, og me oppmodar om å avgrensa køyring til og frå bygget til det mest naudsynte. Elevar som kjem med buss, vert sett av ved idrettshallen (same som for ungdomskulen) og kan nytta trapper og gangveg i bakken mellom busshaldeplassen og skulebygget.
Elevane vil få høve til å bli kjende med skuleområdet allereie før sommarferien.
- Det vert arrangert prøveskule for dei nye i 1. klasse til hausten den 29. mai. FAU har blant anna montert på møblar til 1. klasse no i mai – takk for god innsats!
- Resten av barnetrinnet ved Øystese skule skal ha sine siste skuledagar dette skuleåret ved Øystese gymnas.
- Sjølve flyttinga til mellombels skule vil gå føre seg i veke 24.
- Målet er at alt skal vere klart til skulestart i august.
Arbeidet går etter planen, og prosjektet ligg per i dag framfor framdriftsplanen og innafor vedtekne budsjettrammer. I det vidare arbeidet vert det lagt vekt på å halda fram med det tette og gode samarbeidet mellom teknisk eining, skule, tilsette og andre involverte i arbeidet med tilpassingar og flytting.