Ålvik oppveksttun - barnehage og skule

Kvam herad skal etablera Ålvik oppveksttun med barnehage og skule for 1.–4. trinn. 

 

 

 

Kvam herad skal etablera Ålvik oppveksttun med barnehage og skule for 1.–4. trinn. 

Frå august 2026 vert det skule i 2. etasje for 1.-4. trinn, og frå januar 2027 flyttar barnehagen inn i 1. etasje. Målet er å skapa eit trygt, funksjonelt og heilskapleg tilbod for barn i Ålvik, med gode løysingar både for barnehage og småskule. 

 I 1. etasje vert det gjennomført nødvendige endringar for å leggja til rette for barnehagedrift. 

Tiltaka omfattar mellom anna: 

  • etablering av fin- og grovgarderobe 
  • tilrettelegging av areal for barnehagebruk 

I 2. etasje vert det berre gjort mindre tilpassingar for skuledrifta. 

Det vert gjennomført oppgradering av tekniske anlegg i bygget. Det viktigaste tiltaket er ny ventilasjon i den eldre delen av bygget, som omfattar kantine/kjøken, gymsal og garderobar. 

 Uteområdet vert delt i to tydelege sonar: 

  • Skuleområde på vestsida av bygget 
  • Barnehageområde på austsida av bygget 

 

Dette skal bidra til gode og trygge rammer tilpassa ulike aldersgrupper. Barnehageområdet vert inngjerda og tilrettelagt med eigne funksjonar, mellom anna soveskur og leikeområde. 

Prosjektet er forankra i politiske vedtak og byggjer på innspel frå brukarar og tilsette. Det har vore ein god og tett dialog i planlegginga med skule, barnehage, tillitsvalde og andre involverte. Dette har vore viktig for å sikra gode løysingar for både barn og tilsette. Det vert lagt vekt på godt samarbeid også vidare gjennom heile prosessen, slik at oppveksttunet vert ein trygg og god stad for både barn og vaksne heilt frå oppstart. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.