Tilvisingsavtale for utleigeboligar

Kvam herad ønskjer utleigebustader med tilvisingsavtale

Ope orienteringsmøte 
Dato: 25. august 2026, klokka 13.00
Stad: Kvam Rådhus
Kvam Herad inviterer alle interesserte private aktørar til eit ope orienteringsmøte for å informera om ordninga med tilvisingsavtaler. Husbanken held ein presentasjon om lån til utleigebustader. Kommunen v/Bustadkoordinator presenterer sine boligbehov. 
Påmelding til orienteringsmøte sender ein digitalt til Bustadkoordinator v/ Torbjørn Storås. 
torbjorn.storas@nav.no 
Tilbod om samarbeid og informasjon om prosjekt sender ein til kommunen i etterkant av orienteringsmøtet.
 

Kvam Herad ønskjer utleigebustader med tilvisingsavtale

Kvam Herad ønskjer å inngå tilvisingsavtale med ein eller fleire utbyggjarar som har som føremål å eiga, forvalta og leiga ut bustader.

Kommunen har særleg behov for å utvikla bustader tilpassa ei eldre befolkning, og derfor ønskjer vi prosjekt som tek omsyn til dette.   

Kva er ei tilvisingsavtale? 

Tilvisingsavtala er ei avtale mellom kommunen og profesjonell utleigar om kommunalt disponerte bustader. Avtala gir kommunen tilvisingsrett til inntil 40% av alle utleigebustader i 20 år. I små prosjekt med 4 bustader eller færre, har kommunen tilvisingsrett til alle bueiningane.

  • Dersom kommunen ikkje har behov kan bustaden leigast ut på den opne marknaden, i tråd med fristar som er gitt i avtala.
  • Det er huseigar som inngår leigekontrakt med den enkelte boligsøkjar. For nærare informasjon om utleigebustader med tilvisingsrett, sjå husbanken.no.
  • Ved etablering av utleigebustader med tilvisingsavtale gjennom nybygging, ombygging eller kjøpsprosjekt, kan det søkjast om lån i Husbanken til heile prosjektet. 
  • Husbanken sine krav til kvalitet er samanfallande med byggteknisk forskrift. For nærare informasjon om lån til utleigebustader, sjå husbanken.no

 

Kva kommunen legg vekt på

I valet mellom prosjekt, vil kommunen leggja vekt på:

  • Plassering – på strekninga Ålvik – Øystese - Norheimsund – Tørvikbygd og Strandebarm
  • Nærleik til kollektivtilbud med lett tilgang til sentrale servicefunksjonar
  • Aldersvenlege bustader med livsløpsstandard
  • 2- og 3 romsbueiningar
  • Bustad- og bumiljøkvalitet. For bustader med livsløpsstandard vil særleg storleik og funksjonalitet på bad bli lagt vekt på.
  • Husleigenivå
  • Tidspunkt for ferdigstilling
  • Plan for uteområde og fellesareal

 

Tilbodet må innehalda

Beskriving av utleigeselskapet, firmaattest, plan- og fasadeteikningar og situasjonsplan. All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar, vil bli handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

Utlysing av tilvisingsavtaler kjem ikkje under regelverket om offentlege anskaffingar. 

Tidsfrist og kontaktpersonar

  • Søknader blir handsama fortløpande.
  • For meir informasjon eller innlevering av tilbod, ta kontakt med Kvam Herad på post@kvam.kommune.no

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til:

Torbjørn Storås 

Bustadkoordinator

Kvam herad

Tlf: 482 08 675  

E-post: torbst@kvam.kommune.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.