Informasjon om måleresultat for aluminium i vassverket i Vikøy

I samband med sak i media om høge verdiar på aluminium i Kyrkjebø vassverk i Høyanger, har Kvam herad hatt ein gjennomgang av målingane for vassverket i Vikøy. 

I Norge har me ei tiltaksgrense på 0,2 mg/l for aluminium ut frå estetikk (misfaring/smak) og prosessteknisk kontroll, medan Verdens helseorganisasjon (WHO) ligg på 0,9 mg/l som helsebasert referanseverdi.

Målingar i 2026 har vist nokre høgare verdiar av aluminium enn det som ligg i den norske drikkevassforskrifta. I vassverket i Vikøy har det våren 2026 vore teke 17 målingar av distribuert vatn, der under 25 % av desse er over den norske grenseverdien. Det gjeld særleg i periodar etter justeringar ved mykje nedbør, men det har oftast vore låge verdiar ut på nettet.

Den 19. juni kontakta kommunen Mattilsynet for å informera om målingane, og kommuneoverlege for å rådføra seg om resultata. Tilbakemeldinga frå kommunelegen er at frå eit samfunnsmedisinsk perspektiv er det ikkje grunn til strakstiltak basert på aluminiumsverdiane åleine. Ein må likevel vurder pH, dosering av koagulant osv., og halda fram med å følgja aluminiumsverdiane over tid. Noko som vil verta gjort som del av vidare drift. Prøvetaking ute på nettet vil verta intensivert, og resultata vert gjennomgått i dialog med Mattilsynet og kommuneoverlege.

Vikøy vassverk har tidvis hatt utfordringar med å levere klart drikkevatn ut på nettet, særleg i tidsperiodar med mykje nedbør som påverkar vassinntaket. Humusinnhaldet i vatnet har gjort at gjennomlysing med UV fungerer dårlegare, og ein er avhengig av å få utfelling av partiklar slik at vatnet vert klarare før det vert gjennomlyst. Dersom ikkje UV-anlegget fungerer, er det større fare for at t.d. bakteriar som er med inn i råvatnet kjem ut på drikkevassnettet. Om ein ikkje har lukkast med UV-gjennomlysinga, sender styringssystemet vatnet tilbake til elv. 

For å få utfelling av humuspartiklar i vatnet har ein nytta utfellingsmetall, noko som er ein vanleg og godkjend prosess. I desember 2025 hadde heradet møte med firmaet Optiva om forbetring av anlegget. Dei rådde til å bytta fellingskjemikalie til PAX-XL60, og å måle aluminiumsrest i vatnet. Optiva har hjelpt til med justeringar og kjemikaliebyte våren 2026. Vassverket har freista å optimalisere dette, og det er innført både meir overvaking og styring av anlegget, men me er ikkje heilt i mål med dette arbeidet. 

Det vert ikkje nytta tilsvarande utfellingsmetall i dei andre vassverka i Kvam, då dei andre kommunale vassverka har andre renseprosessar som membran og marmor for å ta bort farge/humus.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.